Hopp til innhold

Tropisk storm gjev OBS-varsel for elleve fylker

Tysdag slår restane av tropestormen «Karl» innover Noreg. – Det blir sterk vind og mykje nedbør, seier meteorologen.

Regnskyll under arrangement på Bryggen

HAUSTVÊR: Nesten heile Vestlandet vil bli råka av restane etter tropestormen.

Foto: Mona Maria Løberg / Naturvernforbundet Hordaland

Meteorologisk institutt bestemte seg i føremiddag for å sende ut OBS-varsel for store delar av landet. Det er sendt ut OBS-varsel for heile Vest-, Sør- og Austlandet.

– Vi ventar ei vindauke på tysdag, samt at det vil kome mellom 70 og 100 millimeter nedbør innanfor eit vindauge på 18 timar. Det varselet gjeld frå tysdag føremiddag til onsdag morgon frå Boknafjorden i sør til Stad i nord, fortel meteorolog Steinar Skare.

Lågtrykket består av restane etter den tropiske stormen Karl, samt andre mindre lågtrykk.

Vind opp mot 30 m/s

– Karl har blanda seg med andre lågtrykk i Atlanterhavet på vegen mot Noreg. Tropestormen har minka, og er ikkje kraftig nok til å ha sitt eige namn lenger. Så no er det eit vanleg uvêr. Det er ein veldig svekka Karl som kjem til oss, fortel Skare.

Dette er OBS-varselet for Vestlandet:

«Frå tysdag føremiddag, auke til sørleg liten storm på kysten og i fjellet. Sør for Boknafjorden sterk kuling, om kvelden dreiande sørvest med kortvarig full storm ved Stad. Nord for Boknafjorden ventast vindkast på 25–30 m/s. Frå tysdag ettermiddag til onsdag morgon ventast mykje nedbør, lokalt 70–100 mm.»

Dette er OBS-varselet for Aust- og Sørlandet:

«Tysdag kveld sørleg sterk kuling på kysten, først i Agder, seint om kvelden i ytre Oslofjord. Også frisk bris til liten kuling med vindkast opp mot 20 m/s utsette stader noko inn frå kysten.»

Laster Twitter-innhold

Flaum og jordskred

Sjølv om uvêret Karl har roa seg ned, ber Vêrvarslinga på Vestlandet folk om å vere forsiktige og ta forholdsreglar når vêret treff land.

– Det kan vere fare for lokale flaumar og små jordskred. Det er snakk om ganske sterk vind, og det skal ikkje mykje til før hagemøblar og trampolinar flyr av garde. Desse bør sikrast, seier Skare.

Vinden vil kome frå sør og krype oppover kysten i løpet av tysdag.

Mest regn i indre strok

– I løpet av formiddagen og ut på ettermiddagen vil vi kome opp i sørleg liten storm i kystområda og fjellstrøka. I låglandet ventar vi kuling på utsette stader, fortel Skare.

Når det gjeld regn er det indre strok og fjellområda som er mest utsett.

– Frå tysdag ettermiddag og fram mot onsdag morgon er det venta mykje nedbør. Modellane våre gir mest nedbør frå Bergen og innover. Dei yttarste kystområda får ikkje så mykje nedbør. Breområda inst i fylka viser maksnivå på modellane vi har no, men det er generelt godt med nedbør i alle tre fylka, seier Skare.

Laster Twitter-innhold