Hopp til innhold

Utførte sabotasje mot eigen arbeidsplass

Ferja «MF Ampere» opplevde fleire gongar tette toalett fulle av trusselbrev. No viser det seg at det var ein av dei tilsette som sto bak sabotasjen.

"Ampere"

SABOTASJE: Trusselbreva førte fleire gongar til kansellerte avgongar fordi toaletta var tette.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg kan stadfeste at ein av våre eigne tilsette i politiavhøyr har vedgått å vere ansvarleg for sabotasjen mot Ampere, seier Inge Andre Utåker som er regionsjef for ferjene i Norled til avisa Firda.

Ferja trafikkerer sambandet Lavik - Oppedal på E39. Fleire gongar har toaletta ombord blitt tetta. Mannskapet fann også trusselbrev ulike stadar på ferja, mellom anna i dei tette toaletta.

Førte til kansellerte avgangar

Inge Utåker, Norled

- USAKLEG: Regionsjef i Norled, Inge Andre Utåker, fortel at både ferja og selskapet blei utsett for truslar i breva.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I trusselbreva viser personen misnøye med den nye elektriske ferja, og skriv mellom anna ting som «Vi er mange hatere. Vi tetter dassen dåka!» og «Eg pissa der før eg tetta dass». Både ferja Ampere og driftsselskapet Norled får gjennomgå.

– Det er usaklegheiter. Tonen er at dei skal gjere livet surt for oss og at dei ønskjer at «Ampere» skal lide mest mogeleg og aller helst forsvinne, sa Utåker i sommar.

Sabotasjen har ført til fleire kansellerte avgangar denne sommaren. Regelverket seier at ein ikkje kan segle utan fungerande toalett.

Skal ha fått sparken

Ferjeselskapet melde hendingane til politiet, og ville installere videokamaera uanfor inngangen til toaletta på grunn av trusselbreva.

Lensmannen i Høyanger ser dei no på saka om løyst og Sogn og Fjordane politidistrikt vil vurdere straffereaksjon mot mannen.

– Alt frå bot til tiltale kan vere aktuelt. Det er heller ikkje uvanleg at det i slike saker blir vurdert erstatningsspørmål, seier lensmann Terje Løland til Firda.

Fleire aviser melder no at mannen bak sabotasjen har fått sparken. Regionsjef Utåker seier det ei personalsak og ønskjer ikkje å kommentere det.