Hopp til innhold

Semje i taxi-krangel på Flesland

Tysdag kveld blei dei einigheit mellom Avinor og taxisjåførane i «bompenge-strida» på Flesland. Det skriv Avinor i ei pressemelding. Dei er blitt einige om at taxinæringa tar i bruk det nye taxidepotet frå tysdag ettermiddag, men bommen til haldeplassen vil vera open fram til fredag. Prøveperioden blir vederlagsfri, det vil seia at det framleis ikkje kostar noko å henta passasjerar på flyplassen, ifølge pressemeldinga.

Taxi-bomstasjon på Flesland
Foto: Christian Lura