Hopp til innhold

117 bussruter råka av glatt føre

Varsel om glatte vegar strøymer inn frå heile Vestlandet. Skyss melder om problem på 117 bussruter.

Bussar

STOPP: Glatt veg førte til opphoping av bussar i Lønborglien i kveld.

Foto: JAN BØRGE LEIRVIK / NRK

I Lønborglien i Bergen var det så glatt i kveld at bussane ikkje kom seg ned bakken.

– Dei måtte venta på salting. Korleis det går no, tør eg ikkje seia. Men line 6 snur nede på Lønborg så lenge det er så glatt, seier pressekontakt Ingrid Dreyer i transportselskapet Skyss til NRK.

Mange meldingar

Ho har fått melding om at det er særs glatt både på Askøy, Sotra og fleire andre stader.

– Vi har lagt ut ei generell melding om forseinkingar og nokre kanselleringar på grunn av glatt føre, opplyser Dreyer.

Heile 117 av bussrutene til Skyss var råka, ifølgje selskapets nettsider i kveld.

Bussruter

MELDING: Lista over bussruter til Skyss råka av føret, er lang.

Foto: SKYSS

Telefonane renn inn til Vegtrafikksentralen frå heile Vestlandet i kveld. Først og fremst er det vegar i kystnære strok som har fått ei ishinne, ifølgje trafikkoperatør Ronny Sleire.

Fleire bilar har enda i grøfta, men førebels er det ikkje meldt om personskader.

Problem på fjellet

Men det er òg problem på fjellovergangane. Eit vogntog trengte assistanse på Haukelifjell på glatta. På Lio mellom Borlaug og Hemsedal har eit anna vogntog køyrd av vegen. Det skal bergast opp på vegen i løpet av natta, ifølgje Vegtrafikksentralen.

Berging vogntog Haukelifjell

BERGING: Eit vogntog måtte bergast på Haukelifjell.

Foto: 03030-tipser

På Vikafjellet måtte eit vogntog få hjelp av brøytemannskap.

I låglandet er alt som kan oppdrivast av strøbilar, ute og køyrer.

– Det frys på, og vi strør for fullt. Men vi må ta dei mest trafikkerte vegane først, seier Sleire.

Han oppmodar alle som skal køyra på sidevegar i kveld om å vurdera å la bilen stå.