I to år har Salmars dotterselskap Ocean Farming jobba med prosjektet, som ifølgje Salmars hovudeigar Gustav Witzøe både er banebrytande og heilt nødvendig, skriv Adresseavisen og Dagens Næringsliv.
Særleg etter rømminga frå eitt av anlegga utanfor Hitra i 2011 såg selskapet seg nøydd til å tenkje nytt:
– Vi fekk oss ein vekkjar då vi hadde ei rømming på over 170.000 fisk. Då skjønte vi at dette kunne vi ikkje leve med, seier Witzøe.
Prosjektleiar og mangeårig Statoil-topp Gunnar Myrebøe fortel at dei reknar anlegget som rømmingssikkert, og at problemet med lakselus vil bli minimert når anlegget ligg så langt til havs.
Men anlegga som er baserte på teknologi frå oljebransjen, vil truleg koste fleire hundre millionar kroner å byggje, og tre verft blei allereie i haust kontakta. Til våren skal selskapet hente inn tilbod på bygging av det første anlegget.
Eit investeringsvedtak avheng både av pris og om Salmar får grøne oppdrettskonsesjonar frå styresmaktene, seier Witzøe.