NRK Meny

Sakna kvinne funne død i Fana

Ei 52 år gammel kvinne som vart meld sakna i Fana i Bergen i byrjinga av oktober, vart funne død i Skjoldbukten 7. oktober, fire dagar etter at leiteaksjonen var avslutta. – Ingenting tyder på at det har skjedd noko kriminelt, seier politistasjonssjef Morten Ørn ved Bergen sør politistasjonsdistrikt til Bergensavisen. Ein privatperson i båt fann den døde.