Hopp til innhold

Så mykje kostar ein meter veg

Prislappen på ein meter veg i Noreg spenner frå 50.000 til 230.000. Nokre vegar ligg langt over gjennomsnittet med ein meterpris på over ein halv million.

– Å herregud! Det er mykje pengar.

Reidar Nejjer

– DYRT: At det kostar mellom 50.000 og 230.000 å bygge ein meter veg i Noreg er dyrt, meiner Reidar Nejjer. Til venstre, kjærasten Ivonha.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Reidar Nejjer går langs Fageråsveien i Bergen. At prisen på kvar meter av vegen han går langs ligg på mellom 50.000 og 230.000 har han hardt for å tru på.

– Eg ville tippa maksprisen på ein meter veg var om lag 10.000 kroner per meter, ikkje meir enn det, seier han.

Men litt meir enn 10.000 kroner pr. meter kostar det nok å byggje vegar i Noreg. Statens vegvesen har røpa prislappen som lyd på ein gjennomsnittspris frå 50.000 til 230.000 per meter i reine byggekostnader. (Sjå faktaboks).

LES OGSÅ: E18 til halv pris - NRK – Østlandssendingen

Mellom 50.000 og 230.000 per meter veg

Tala Statens vegvesen har publisert syner byggekostnadane for dei ulike vegprosjekta.

Bruer, tunnelar, og store ombyggingar av lokale vegnett er ikkje tatt med i overslaget. Legg ein til dette, blir gjennomsnittsprisen per meter veg endå høgare.

– Det overraskar nok folk at det kostar så mykje å bygge veg. 50.000 per meter er store tal for mannen i gata, seier Gudmund Nilsen i Vegdirektoratet.

Nokre vegar toppar gjennomsnittsprisen og vel så det. Prisen per meter veg på Rv7/rv. 13 Hardangerbrua kom på 575 000 kroner, medan E18 Bommestad–Sky ved Larvik i Vestfold hadde ein gjennomsnittleg meterpris på 642 000 kroner.

E 16 Smedalsosen

PRIS? 80.000 PER METER: E16 Smedalsosen – Maristova – Borlaug i Sogn og Fjordane: Til venstre i bakgrunnen ser ein den eldste vegen, så gamle E16 og til høgre nye E16.

Foto: NRK

– Dyre vegar er ikkje nødvendigvis betre

At meterprisen varierer etter kor brei vegen er nok inga overrasking, seier Nilsen, men det er andre ting som har like mykje å seie for kor dyr vegen er.

– Svært ofte må me bygge om det lokale vegnettet for å kople det til den nye vegen. Av og til bygger me også vegar på stader med dårleg grunn. Det kan vere leire i bakken som gjer at ein må stabilisere botnen og eventuelt grave vekk leira. Slike ustabile og kompliserte grunnforhold gjev ein høgare pris.

Sjølv om meterprisen er mykje høgare enkelte stader, betyr det altså ikkje at vegen nødvendigvis er betre seier, Nilsen.

– Neineinei, det betyr ingenting. Om du bygger for høg eller låg pris skal kvaliteten vere den same og like robust i forhold til ver, klima og den trafikken som går der.

– Ein veg med høg trafikk må ha tjukkare lag og så vidare, og då blir det dyrare. Men i prinsippet skal ein veg til 50.000 og 200.000 ha same gode kvalitet. Det er breidde og andre faktorar som gjer at nokre vegar har høgare meterpris enn andre.

– Me kan jo ikkje gå til Oslo!

Kathrine Michalsen

– VERDT DET: Det er mykje med 50.000 – 230.000 kroner for ein meter veg, men det er verdt det, meiner Kathrine Michalsen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

I Fageråsveien i Bergen tippar Kathrine Michalsen at prisen per meter veg ligg på kring 30.000 kroner per meter. Då ho får vite kva gjennomsnittsprisen er, seier ho talet ikkje var så overraskande.

– Det er mykje pengar, men det er vel verdt det, seier Michalsen.

– Det er langt å gå til Oslo.