Hopp til innhold

Rykte ut til brann i einebustad i Åsane

To personar vart evakuert frå ein einebustad i Kipo på Tertnes, etter at det braut ut brann på kjøkkenet. Brannvesenet har no kontroll på staden.

Brann i Kipå

MYKJE RØYK: Det kom mykje røyk frå underetasjen i einebustaden på Tertnes.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Like etter klokka 11 melde politiet om brann i ein kjellar i ein einebustad i Kipo i Åsane.

Laster Twitter-innhold

To eldre personar vart etter kort tid evakuert frå huset.

– Det kom mykje røyk frå huset, men vi er litt usikre på om det har vore flammar. Det skal ikkje vere fleire personar i huset enn dei to som er komt ut, seier operasjonsleiar Jan Tore Heggholmen i Vest politidistrikt.

Det var personane i huset som sjølv melde frå om brannen. Ingen skal vere skadd.

– Røykdykkarar har vore inne, og brannvesenet har no kontroll over situasjonen, seier Heggholmen like før klokka 11.30.

Like etter bekreftar politiet at brannen er sløkt.

Laster Twitter-innhold

Starta på kjøkkenet

Brannen starta på kjøkkenet, ifølge politiet.

– Det var ikkje fare for spreiing til andre hus. No pågår det ettersløkking på staden, og restverdivurdering er på veg, seier vaktkommandør Christer Skei ved 110-sentralen.

Ambulanse på Tertnes

FULL UTRYKKING: Alle naudetatar rykka ut etter melding om brann i einebustaden.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK