Hopp til innhold

Rykka ut til paragliderulukke

Politiet på Voss rykka laurdag ettermiddag ut til Bømoen, etter melding om ein paraglider som gjekk fort ned mot bakken. Då dei kom til staden viste det seg å ikkje vere ei ulukke, men ei kontrollert landing. Ingen personar er skadd, opplyser politiet.