Hopp til innhold

Rykka ut til brann i brannsmitteområde i Bergen

Store styrker rykka ut til brann i eit trehus i brannsmitteområdet i Bergen sentrum. Ein person måtte ta seg ut frå første etasje.

Etterslokking

ETTERSLØKKING: Brannvesenet er i gong med ettersløkking på staden. Bygget har fått store skadar.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Rundt 12.45 fekk 110-sentralen i Bergen melding om brann i ein bygning i Halvkannesmauet i Bergen sentrum. Det var stor røykutvikling i bygget.

– Flammane stod ut av vinduet og det var en voldsomt mykje røyk da vi kom, seier Jan Aase, innsatsleiar i brannvesenet.

Politiet seier til NRK at brannen starta i første etasje i eit trehus i det tronge bergenssmauet. Området er eit brannsmitteområde der det er mange trehus.

Brann i bygning i Halvkannesmauet

KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Røyken var synleg over store delar av byen.

Foto: NRK

Person tok seg ut

Heile leilegheita brann og røyken spreidde seg til resten av huset. Ein person tok seg ut frå første etasje. Ifølge politiet har ytterlegare to personar blitt sjekka av ambulansepersonell på staden.

– Vi kjenner ikkje til at nokon er skada, seier Linde.

Ifølge politiet er seks personar registrert i dei fire bustadane som er ramma av brannen. Politiet meiner å ha kontroll på alle bebuarane i huset.

Leif Linde

KONTROLL: Brannsjef Leif Linde seier at brannvesenet har kontroll på staden og at det ikkje er fare for at brannen skal spreie seg.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Store skadar

Mannskap frå fire stasjonar rykka ut då meldinga kom. Like før klokka 13.00 meldte brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen, og berre minuttar etter meldte brigadeleiar at brannen var sløkt.

– Brannvesenet var tidleg ute, gjekk inn med røykdykkarar og kjempa ned flammane. Sjølv om dette er eit brannsmitteområde så var det ikkje fare for at brannen skulle spreie seg, seier Frank Listøl, innsatsleiar i politiet.

Ukjend årsak

Årsaka til brannen er ikkje kjend.

– Det er for tidleg. Vi har snakka med personen som bur i leilegheita og reknar med at vi finn ut av det etter kvart, seier Listøl.

Huset har fått store skadar og ettersløkkinga er i gong.

– Vi kjøler ned så det ikkje skal blusse opp igjen, seier Linde.

Brann Halvkannesmauet

STORUTRYKKING: Brannvesenet kom frå fire stasjonar da det begynte å brenne i eit brannsmitteområde i Bergen sentrum.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK