Hopp til innhold

Ryggskade knuste draumen

Thor-Christian Ebbesvik måtte legga draumen på hylla då ryggen brotna.

Thor-Christian Ebbesvik

Ein skuffa Ebbesvik må droppa Le Mans-serie.

Foto: tce-racing.com

- Utruleg surt. Dette er eit av verdas største billøp, og eg skulle bli første nordmann på 19 år til å kjøre den legendariske løypa.

Målet var å bli første norske racing-førar på nesten 20 år til å kjøra berømte Le Mans si 24-timars løype. Det sette møtet med ein konkurrent i førre runde ein effektiv stoppar for.

Då blei nemleg Ebbesvik påkjørt av ein konkurrent, og sendt rett inn i ein murvegg. Resultatet blei broten rygg.

Thor-Christian Ebbesvik i Le Mans
Foto: TCE Racing

- 24-timarsløpet Le Mans var verkeleg høgdepunktet denne sesongen, seier Ebbesvik.

- Men eg tar ingen sjansar, og det viktigaste no er at ryggen gror skikkeleg. Eg har vore hos fleire legar, men ekspertane seier alle det same - det går ikkje å kjøre.

Racingløpet, som går over eit døgn, går av stabelen 12. og 13. juni. No håpar bergenshåpet å vera klar igjen til neste runde i Le Mans Series, som går i Portugal 17.junli.