Hopp til innhold

Rusa mann mista hunden

Ein rusa mann hadde kome heim frå fest då han bestemte seg for å lufte hunden sin i Sandviken i Bergen. Då han kom heim frå luftetur oppdaga han at han hadde mista hunden på vegen. – Det er uvisst kor hunden, ein blanding av golden retriever og flatcoated retriever, oppheld seg. Vi oppmodar om å vere varsame i trafikken i Skuteviksområdet, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Laster Twitter-innhold