Hopp til innhold

Rusa kvinne i drukkenskapsarresten

Trass mykje folk på byen natt til laurdag, melder politiet i Hordaland om ei roleg helgevakt. – Det har vore overraskande stille til at det var så mange menneske ute, så det er veldig bra, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt. Unntaket er ei 22 år gammal kvinne frå Os som har sove ut rusen i drukkenskapsarresten i Bergen. – Ho var ute av stand til å ta vare på seg sjølv og blir meldt for ordensforstyrringar.