Hopp til innhold

Rusa båtførar bad politiet om hjelp

Ein båtførar mista kontroll over kor han var, og måtte ringe politiet for å få hjelp.

Det var var 02.30 i natt at politiet blei ringt av mannen som ikkje kunne gjere rede for kor han var.

– Han ropte etter hjelp og ana ikkje kor han befant seg. Mannen var drivande full, fortel Ronny Lentføhr ved Hordaland politidistrikt.

Hendinga skjedde ved Toska på Radøy. Politiet klarte ikkje å lokalisere kor mannen var, og kopla difor inn hovudredningssentralen og sette i gong ein redningsaksjon.

Like før klokka 04.00 gjekk mannen i land på Manger og vart tatt hand om av politiet.

– Ombord i båten var det også ein hund og ein katt, desse vart transportert heim av politiet, mannen er sett i arresten, seier Lentføhr.

Det er oppretta sak på forholdet.