NRK Meny

Røykutvikling på Stord

  • BLEI EVAKUERTE:

    Eit leilegheitskompleks i Furulyvegen i Leirvik blei evakuert etter melding om røykutvikling. Klokka 05.35 melder politiet at alle bebuarane har fått flytte inn igjen i leilegheitene. Ein person er sendt til sjukehus på Stord. – Han er medviten, men har gjerne fått i seg ein del røyk seier operasjonsleiar i politiet, Rune Plassen.

  • EIN PERSON EVAKUERT:

    Akkurat no har naudetatane rykka ut til ei leilegheit på Stord etter melding om røykutvikling. – Ein person er evakuert og blir tatt med til sjukehus. Han har gjerne fått i seg ein del røyk, seier operasjonsleiar i politiet Rune Plassen. Brannvesenet har mistanke om at røykutviklinga skuldast tørrkoking.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik