Hopp til innhold

Brann i leilegheit – vindauge eksploderte

Fleire personar vart evakuert då det byrja å brenne i ei lågblokk i Slettebakksveien i Bergen.

Brann Slettebakksveien

RYKKA UT: Brannvesenet rykka ut då det kom meldingar om brann i ein leilegheit i Slettebakksveien i Bergen.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Knuste vindaugar

KNUST: Vindaugene eksploderte i brannen.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Varslinga kom inn til brannvesenet klokka 1737 søndag ettermiddag.

– Vi har fått melding om kraftig røykutvikling. Vi er framme på staden og observerer at det er kraftig røyk frå andre etasje, fortel operasjonsleiar Morten Kronen hjå politiet.

Han fortel at det er 19 personar registrert på adressa. Brannvesenet og ambulansen var raskt på staden.

Mange personar evakuert

Klokka 17.55 fortel politiet at det brenn i ei leilegheit i ei blokk, men at leilegheita var tom for folk.

– Eigaren er på veg til staden no. Det skal vera ein katt inne i leilegheita, elles tomt for folk, fortel operasjonsleiar Kronen.

– Eg har ikkje tal på kor mange vi har evakuert, men det er ein del.

Ingen av dei evakuerte fekk skader i brannen. Klokka 18.00 meldte brannvesenet at dei hadde sløkkt brannen.

– Vi høyrde eit stort smell

Kompisgjen Slettebakken

HØYRDE SMELLET: Erald Saraci, Mads Grini og Ritik Chopra var like ved då dei høyrde eksplosjonen og vindauga knuse.

Foto: NRK

Dei tre kompisane Erald Saraci (14), Mads Grini (13) og Ritik Chapra (12) var like i nærleiken då brannen byrja. Dei tre spelte fotball, då dei plutseleg høyrde glas knuse.

– Det var eit stort smell og så såg vi det kom masse røyk. Det var litt skummelt, fortel Ritik og anslår at dei berre var 50 meter unna då dei høyrde eksplosjonen.

Dei sprang til staden og etter kvart kom det også politi og brannvesen. Dei er glade ingen personar kom til skade i brannen.

– Det er litt ekkelt å kome så nær på ein brann. Heldigvis gjekk det bra.

Katt omkom

Men ein katt heimehøyrande i leilegheita omkom i brannen. Katten vart redda ut av brannmannskap og det vart gjort forsøk på å få liv i han igjen.