– Hangursbanen har gått i 51 år, og den har gjort ein viktig jobb med å setje Voss på kartet, seier Øyvind Wæhle, administrerande direktør hjå Voss Resort.
Men kommande vinter kan bli den siste sesongen vognene Dinglo og Danglo fraktar naturglade passasjerar opp på Hangurstoppen på Voss. Etter å ha stått i trufast teneste sidan 1963, skal den 51 år gamle bana rivast og skiftast ut med ei ny.
– Hangursbanen er over 50 år og treng mykje vedlikehald og fornyingar. Berekablar, trekkablar, master, med meir, må ha ei kraftig fornying, seier Wæhle.
– Kostnadane for å pusse opp bana er så omfattande at det vil ikkje vere økonomisk forsvarleg å gjere dette slik den er plassert i dag.
Vil rive den gamle bana før ny står klar
I samanheng med at det kom nytt trafikk-knutepunkt på Voss jernbanestasjon vart Voss Resort invitert til å diskutere ein eventuell ny gondolbane.
Les òg:
– Reguleringsplanen for eit nytt trafikk-knutepunkt vart godkjent i fjor, og gir moglegheita til å byggje ein gondolbane heilt frå jernbaneperrongen på Voss jernbanestasjon og opp på fjellet på vel 800 meter, seier Wæhle.
Men før ny bane kan vere på plass, må den gamle stengjast.
– Me får ein mellomfase som ved alle store byggeprosjekt. Det vil alltid vere ein mellomfase der du må ha ein stopp på eit eller anna, og i dette tilfellet så vil du få ein pause på eksisterande Hangursbanen fram til ein ny bane kjem, seier Wæhle.
– Men, no er det ikkje avgjort endå når banen skal leggjast ned, seier han.
Saka fortset under biletet.
Kan ikkje love at det kjem ny bane
16 leilegheiter skal byggast og seljast der nedre stasjon for gondolbana står i dag. Wæhle seier det er viktig å få seld desse leilegheitene for at den nye bana skal verte realisert.
– Den gamle banen ligg på ei tomt som i dag er regulert for 16 leilegheiter, og desse husværa har ein viktig faktor i finansiering av den nye banen.
– Kan du love at det kjem ei ny bane?
– Nei, det er vanskeleg å love. Men me har eit håp og eit ønskje om at me skal kunne få på plass ei bane som kan halde stand i mange generasjonar framover, seier Wæhle.
Ynskjer ikkje nedlegging
Paragliderpilotane er nokre av dei som brukar Hangursbanen mykje om sommaren. På Hangurstoppen finst eit utflygingspunkt som blir mykje brukt.
– Me har ikkje lyst at banen skal leggjast ned i det heile tatt, for me er veldig avhengig av banen for å ha høg aktivitet i klubben, seier Frode Fester, som er formann i Voss Hang- og Paragliderklubb.
– Men viss det kjem ein ny bane, kan me godt vente i to år utan bane. Me har mogelegheiter til å framleis drive verksemda vår, men aktivitetsnivået vil sjølvsagt gå ned når det blir vanskelegare å komme opp på start, seier han.
– Betyr alt for oss
Christian Hagen, som har med seg ein tandem-passasjer på paraglider-turen sin denne dagen, seier han kjem til å sakne Hangursbanen mykje.
– Den betyr eigentleg alt for oss. Samanlikna med dei andre plassane me kan fly ut, er det er veldig lett å ta Hangursbanen opp når me skal fly, seier han.
Sjølv om paragliderpilotane får nytte ekspressheis frå Bavallen opp til fjelltoppane, så meiner Hagen at det ikkje blir like lett å komme seg opp utan gondolbane.
– Det blir mykje gåing, og det blir køyring til andre plassar, men me vil ha den nye fortast mogeleg opp, både for miljøet og Ekstremsportveko sin del, seier Hagen.
– Me har opptrekk etter båt på Vangsvatnet. Det fungerer, men det er heilt klart enklast med gondolbanen, seier han.
Saka fortset under biletet.
– Eit tilbod mindre
I tillegg til turistar, fotturentusiastar og paragliderpilotar, så brukar óg stisyklistar Hangursbanen for å kome seg til fjellet.
– For vår del er det ikkje noko krise. Det er eit tilbod mindre, og ein sti som blir litt mindre tilgjengeleg, seier Asbjørn Skorpen, som er nestleiar i MTB-klubben på Voss.
Medan mountain bike-syklistane ventar på ny bane, har Voss Resort eit tilbod til ekstremsportutøvarar om å køyre toppheisen i Bavallen i staden.
– Me har vore i dialog med Voss Resort om at dei skal køyre ekspressheisen i Bavallen oftare. Så me får tilgang på den same stien, men kanskje litt sjeldnare, seier Skorpen.
Han seier Hangursbanen har betydd mykje for MTB-miljøet.
– Ein del har byrja å sykle fordi ein har ein fin sti her oppe på Hanguren. Det var ein av dei første stiane som folk verkeleg byrja å sykle på.