Risikerer 75 dagar i fengsel

Ein idrettsleiar i Bergen risikerer 75 dagar i fengsel for underslag, melder BA. Mannen har innrømma å ha tatt 200 000 kroner frå idrettslaget i ein toårsperiode. Mannen har erkjent straffskuld og retten vil behandle saka som ein tilståingsdom.