NRK Meny
Normal

Razzia mot pokerklubb - tre personar arrestert

Politiet gjekk i natt til aksjon mot ein pokerklubb i Bergen sentrum. Dei meiner klubben er eit skalkeskjul for omfattande kriminell verksemd.

KAigaten ny

AKSJON: Politiet slo til på ei adresse her i Kaigaten i Bergen sentrum natt til fredag. Restauranten på bildet har ingenting med saka å gjere.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var klokka 23.45 torsdag kveld at politiet slo til mot eit bygg i Kaigaten i Bergen sentrum. Politiet hadde fått rettens medhald til å ransaka lokalet i forbindelse med ei helerisak.

– Politiet hadde mistanke om ulovleg pokerspel og bruk av narkotika, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt til NRK.

Det var Bergensavisen som omtalte aksjonen først.

Tre personar arrestert

Tre personar vart arrestert og tatt med til politistasjonen. To av dei vart pågripne i Kaigaten, medan den tredje vart arrestert på si heimeadresse.

– Aksjonen vart gjennomført i samarbeid med skjenkekontoret og Lotteritilsynet. Det er også mistanke om lovbrot på alkohollova og skattelova.

– Politiet har gjort beslag på staden, men eg kan ikkje kommentere saka noko meir i detalj per no, seier Magnussen.

Etterforska sidan august

Bergens Tidende skriv at det var kring ti personar til stades då politiet slo til. Politiet i Bergen skal ha etterforska saka sidan august og trur pokerklubben er eit skalkeskjul for omfattande kriminell verksemd..

- Etterforskinga har avdekka store kontantstraumar, som det blir hevda er pokerpengar. Vi meiner pengane stammar frå narkotikaomsetning, seier politiadvokat Marita Mellingen til avisa.

Tidlegare har politiet gjort beslag i 23 kilo hasj. Frå før av er seks personar sikta og tre personar varetektsfengsla i saken som politiet har etterforska i fleire månadar.

Politiadvokat Marita Mellingen

Politiadvokat Marita Mellingen, her i forbindelse med ei anna sak.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

La ut melding på Facebook

Etter det NRK kjenner til har pokerklubben ei lukka gruppe på Facebook, der dei oppdaterer om tider for pokerspel. Den siste oppdateringa på gruppa vart lagt ut like før aksjonen starta seint i går kveld.

Personane som er involvert i klubben er heilt opne om at det går føre seg pokerspel for relativt store summar. Pokerklubben skal tidlegare også hatt lokale i Teatergaten, men dei siste månadane skal aktiviteten ha blitt samla på adressa i Kaigaten.

NRK veit at bakmennene i pokerklubben har hatt fleire kjente personar på gjestelista.

– Kodespråk

Når det kriminelle nettverket har gjort avtalar med kurerar, meiner politiet at pokeruttrykk er brukt som kodespråk.

– Fleire av dei involverte er aktive pokerspelarar og har vore involvert i klubben både som spelarar og på driftssida. Hjå nokre av dei har det gått fleire millionar kroner inn og ut av bankkontoar, som ikkje kan forklarast med normal inntekt.

– Vi meiner pokerdrifta har vore ein effektiv kanal for kvitvasking av pengar, seier Mellingen til BT.

NRK veit at fleire kjente personar har vore mellom dei som har delteke i spel på pokerklubbane. Bakmennene har hatt kjente personar på gjestelista.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.