Hopp til innhold
Raset ved Lussand på fylkesveg 7
Foto: Statens vegvesen

Rasfare ved Lussand

  • OPNAR KLOKKA 20.00:

    Fylkesveg 7 forbi Lussand opnar etter planen klokka 20.00 i kveld. Det opplyser Vegvesenet. Båtruta Kvanndal-Ålvik vil gå som planlagd ut dagen, i samsvar til rutetabell.

  • OPNAR SEINT MÅNDAG:

    Geolog har i dag vurdert kva som må gjerast av sikring på fylkesveg 7 ved Lussand. Vegen har vore stengt sidan 24. august. Vegen vil bli stengt over helga, og Vegvesenet seier no at dei forventar opning seint måndag kveld.

  • FV. 7 OPNAR IKKJE I DAG:

    Fylkesveg 7 ved Lussand kjem også til å vera stengt i helga. Det melder Statens vegvesen til NRK. Geolog har no vore på staden og det er framleis rasfare på vegen mellom Norheimsund og Granvin. Vegen har vore stengt sidan 24. august, og Vegvesenet vil kome med meir informasjon om opning i helga.

    Raset ved Lussand på fylkesveg 7
    Foto: Statens vegvesen
  • NY VURDERING PÅ FV. 7:

    Veien mellom Norheimsund og Granvin er fortsatt stengt på grunn av rasfare. Ifølge Vegvesenet blir det gjort ny vurdering av situasjonen kl. 12 i dag.

    Raset ved Lussand på fylkesveg 7
    Foto: Statens vegvesen