Hopp til innhold

Prissjokk for cruisebåttrafikken

Bergen femdoblar passasjeravgifta i samband med nye tryggingstiltak.

«Queen Mary II» i Bergen havn
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Cruisebåttrafikken må betala dyrt i samband med terrorsikring av norske hamner.

Hamnevesenet i Bergen har nesten femdobla passasjeravgifta for 2006.

Cruisenæringa stiller seg uforståande til avgiftssjokket.

 - Ikkje effektivt

Årsaka er nye tryggingsrutinar i samband med å gjera norske hamner terrorsikre.

- Ein reagerar med hovudristing og synes ikkje det er ein effektiv måte å driva sikkerhetsarbeid på, seier Arthur Kordt, administrerande direktør i European Cruise Service.

Han er kritisk til at Hamnevesenet lempar storparten av utgiftene i samband med tryggingstiltaka av hamneterminalane i Bergen, over på cruisebåtnæringa.

Dyre tiltak

Hamnevesenet krev i år godt over to millionar kroner i ekstra passasjeravgift - eller nær ei femdobling frå i fjor.

Kordt synest det er urettvis og ei alt for lettvint løysing.

- Vi har sett kva ein tar havner utanlands og eg kan ikkje forstå at det skal vere forskjell på å drive tryggleikstiltak der enn i Bergen, seier Kordt.

Terrorsikring av norske hamner, også kalla ISPS, har medført betydelege meirkostnader.

«Bergen har investert desidert mest av samtlege hamner i Norge med nesten 30 millionar kroner», ifølge Havneavisen.

Vakthald og gjerder

Hamnedirektør i Bergen Gunvald Isaksen forsvarar avgiftsauken.

- Det har samanheng med de ekstravaktene vi må ha både på Skolten og Dokken, og med gjerdene vi har satt opp. Utgiftene skal dekkast inn av cruisepassasjerane og båtene.

Men avgiftsauken har ført til at einskilde utanlandske reiarlag no tenkjer seg om før dei klappar til kai i Bergen.

- Svikt i anløp

Cruisbåtagent Pål Kjelsrud i TR Shipping trur Bergen vil få ein svikt i talet på crusbåtanløp.

- Når Bergen kommer med en så stor økning så har redere signalisert at det ikke er bra, seier Kjelsrud.