Hopp til innhold

Vogntog hang utfor vegen

Riksveg 7 i Eidfjord var stengd i fleire timar etter at eit vogntog køyrde utfor vegen. Føraren vart sendt til legevakt for sjekk. Vegen er open for trafikk att.

Trailer utfor riksveg 7

SPERRAR VEGEN: Her heng den polske traileren utfor riksveg 7.

Foto: Trond Sandven

Kart Eidfjord
Foto: Skjermdump frå Google maps

Det var like før klokka 06.00 politiet fekk melding om vogntoget på riksveg 7 i Øvre Eidfjord.

– Det er ein polsk trailer som har køyrt utfor vegen. Han står delvis i vegen og delvis utfor, seier operasjonsleiar Ole Jacob Malmo i Hordaland politidistrikt.

Vogntoget sperrar difor køyrebana.

– Vi har ikkje fått meldingar om alvorlege skadar på føraren. Men det er mogleg at sjåføren har vondt i ein fot så vi har sendt ein ambulanse for å vera på den sikre sida, seier Malmo.

– Køyrde i fjellveggen

– Det er ein trailer som har vore uheldig, like før Øvre Eidfjord. Han har treft fjellveggen på høgre side, vridd seg og gått utfor vegen på motsett side, forklarar Trond Sandven. Han var på veg til Bergen i morgontimane onsdag.

Han fortel at det ligg mange delar og oljesøl i vegbana.

Artikkelen held fram under biletet

Vogntog Eidfjord

SMADRA: Fronten på vogntoget var smadra etter utforkøyringa onsdag. Føraren slapp frå uhellet med lettare skader.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Ingen kunne passera

Personbilar kunne først passere staden, men like før klokka 07.00 kom meldinga om at riksveg 7 er heilt stengd. Ingen kunne difor passere staden før vogntoget var flytta.

Ifølgje politiet er det også ein del oljesøl i vegbana.

– Dei arbeidar med å flytta vogntoget no. På nedsida står det ti vogntog og ventar, medan det er rundt 15 vogntog som står i kø på oppsida, opplyser Idar Sangholt i vegtrafikksentralen.

Klokka 08.10 melder politiet at bergingsbilar er på staden og har sikra hengaren. Berginga er i gong og ifølgje vegtrafikksentralen vil vegen vera stengd i ein time fram til klokka 09.00.

Manuell dirigering

Klokka 09.00 er eitt felt opna for manuell dirigering. Bergingsbilar har fått traileren opp frå grøfta, og politiet har byrja å sleppe dei store køane forbi.

– Ja, det byrja å bli ein del kø på staden, men no dirigerer politiet trafikken manuelt, fortel Idar Sangholt i Statens vegvesen.

Han kan ikkje sei når begge felt opnar for fri ferdsel.

Open for trafikk

Vegvesenet melder like etter klokka 10.30 at riksveg 7 no er rydda.

- Vegen er open og trafikken kan gå som normalt, opplyser Vegtrafikksentralen.