Hopp til innhold

- No må fylkeskommunen ta ansvar

Bergenspolitikarane er grundig lei av problema med det nye billettsystemet til Skyss.

Kø foran Skyss-trafikkinformasjon
Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

Det nye billettsystemet for kollektivtrafikken i Hordaland har skapt ein sjeldan stor klagestorm mot Hordaland fylkeskommune. No hengjer òg bergenspolitikarane seg på hylekoret.

No skriv dei brev til fylkeskommunen med klar beskjed om at noko må gjerast.

Ruth Grung
Foto: Kristian Ervik / NRK

- Det er fordi me er uroa for den utviklinga som no skjer. Me håpar at fleire skal nytta seg av kollektivtrafikken, men når det er så mykje rot, så lange køar, kort som ikkje fungerer er vegen kort for å velga vekk kollektiv, seier Ruth Grung frå Arbeidarpartiet.

Alle partia i Bergen bystyre har slutta seg til brevet.

- Dårleg planlegging

Grung som er leiar i komite for miljø og byutvikling meiner det er openbart at fylkeskommunen ikkje har tatt utfordringa med billettsystemet alvorleg nok.

- Det er dårleg planlegging slik me opplever det, i tillegg burde dei ha venta med det nye skysskortet til dei visste at det var gjennomføringsbart, seier Grung.

Skuldar på bergenspolitikarane

Folkevelde i Bergen opplever ofte at folk trur at det er dei som har ansvar for billettsystemet.

- Derfor må me vera tydelege på at me står saman med fylkeskommunen i denne saka. Men me forventar at dei no gjer alt dei kan for å få orden i alt rotet, seier Grung.