Hopp til innhold

POLITIET I BERGEN BER IKKJE VÅPEN:

Medan politiet i Oslo og Trondheim valde generell væpning etter at terroralarmen gjekk torsdag, hadde bergenspolitiet valt å bruke såkalla framskote plassering av våpen, skriv BT. Politiet har altså våpenet tilgjengeleg i bilen, og ikkje synleg i beltet. Kun på flyplassen og togstasjonen kan ein møte væpna politi. – Vi vurderer det slik at vi vil legge oss på eit nivå der vi har enkel tilgang og gir god vern, samtidig som vi ikkje spreier frykt i befolkninga, seier stabssjef Gustav Landro i Hordaland politidistrikt.