NRK Meny
Normal

Politibåten er tilbake på fjorden

På same tid som PST varsla om terrorfare har politibåten til Hordaland politidistrikt vore på verkstad. No er båten tilbake på fjorden.

Politibåten

TIL REPARASJON: Med høg terrorfare og auka beredskap på Tall Ships Races står politiet utan patruljebåt.

Foto: NRK

Politiet har den siste veka stått utan patruljebåt, skreiv Bergens Tidende tysdag.

Med høg terrorfare og auka beredskap på seglskutefesten Tall Ships Races 2014, sa operasjonsleiar Gustav Landro til NRK i går at dette er uheldig.

– Det er eit tilfelle at det skjedde akkurat no, men vi har ordna oss med andre hjelpemiddel så vi er ikkje utan kapasitet på sjøen.

I 18-tida fredagkveld fekk politiet igjen båten ut på vatnet.

– No er den er på fjorden. Det er veldig kjekt å få den ut att, seier Landro.

– Det er ein ekstra ressurs på sjøen som kjem godt med no.

Båten skal patruljere i området kring Vågen i Bergen, og halde seg i nærleiken av dei andre båtane som besøker byen i helga.

Uheldig tidspunkt

Hordaland fekk den 35 fot lange båten for eitt år sidan og kosta til saman seks millionar kroner. Men sist veke fekk båten motorproblem. Politibåten har vore på reperasjon, men er altså no tilbake på vatnet.

– Både i forbindelse med Tall Ships Races og via våre kontaktar i Forsvaret så veit vi at vi på kort varsel kan vi få tilgang på hjelpemiddel som kan flytta seg fort på sjøen om vi har behov for det, sa Landro i går.

– Men det er alltid best å ha sitt eige utstyr, så vi ser fram til at vår eigen båt skal vere operativ igjen, sa Landro då til NRK.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo