Hopp til innhold

Person måtte reddast ned frå fjellet

Turgåar gjekk seg fast på veg ned frå Ulriken. Vart redda ned av klatregruppa til brannvesenet.

Redningsaksjon ved Svartediket i Bergen

Brannvesenet fraktar ned ein gummibåt til Svartediket i forbindelse med redningsaksjonen.

Foto: Bergen Brannvesen

Brannvesenet rykka ved 23-tida ut med båt og ei klatregruppe for å prøva å hjelpa ned ein person som sat fast på fjellet ved Svartediket i Bergen.

Klokka 00.15 skriv 110-sentralen på Twitter at personen er i sikkerheit.

– Personen er våt og kald, men elles i fin form, seier Jan Ove Haga ved 110-sentralen.

Redningsaksjonen var ikkje komplisert.

– Nei dette var kjapt gjort, og oppdraget gjekk veldig fint.

Gjekk seg fast

Fredag morgon har politiet fleire detaljar om redningsaksjon. Mannen var på tur på Ulriken då han kom utanfor stien på veg ned att.

– Vi hadde telefonkontakt med han heile vegen, men til slutt så vart det så bratt i terrenget at vi bad han stogge, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet.

Politi og brannmannskap fekk posisjonering på mannen og ei klatregruppe frå brannvesenet tok seg deretter over Svartediket i gummibåt.

– Dei kom seg opp til mannen og hjelpte han ned til vatnet. Dei tok seg over til andre sida i båt og mannen vart køyrt heim igjen. Han var i fin form, avsluttar Rebnord.