Hopp til innhold

Bil hamna på taket i elv – mann alvorleg skadd

20-åring sendt til sjukehus med luftambulanse etter ei trafikkulukke i Kvinnherad.

trafikkulukke furebergfossen

Det var andre trafikantar som melde frå om ulukka på fylkesveg 551 mellom Svoldal og Ænes i Kvinnherad laurdag kveld.

– Ein bil har hamna i elva, og ein person er fastklemd, fortalde operasjonsleiar Hans Eirik Thue i politiet til NRK like etter klokka 18.00.

Både luftambulansen og andre naudetatar rykka ut til fylkesveg 551, som vart stengd.

Frakta med luftambulanse

Meldinga om trafikkulukka kom klokka 17.55, og brannvesenet var framme på staden klokka 18.25. Ein person fødd i 1996 sat fastklemd i bilen, som hamna på taket i elva.

– Andre bilistar prøvde å få opp dørene på bilen, men lukkast ikkje i det. Då brannvesenet kom til staden fekk dei personen kjapt ut, fortel Thue i politiet.

Vedkommande var vaken då brannmannskapa jobba med å få han laus. Bilen låg på ein slik måte at sjåførene ikkje var under vatn.

Klokka 18.40 letta luftambulansen og sette kursen mot Haukeland universitetssjukehus.

Alvorleg skadd

Seinare på laurdagskvelden melder Helse Bergen at den 20 år gamle mannen er innlagd med alvorlege skader.