Hopp til innhold

Kasta ut av kro – kom tilbake med luftvåpen

Politiet fekk dramatiske meldingar om skyting på Ågotnes i natt.

Det var klokka 01.28 i natt at politiet fekk melding om at ein mann skaut med rifle utanfor ei kro på Ågotnes.

– Meldinga var veldig dramatisk i byrjinga. Vi rykka ut med tre bilar, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit hjå Hordaland politidistrikt.

Då politiet kom fram viste det seg heldigvis at meldinga var sterkt overdriven.

Arrestert for trugslar

Gjester og tilsette ved kroa hadde fått kontroll på mannen, og politiet kunne konstatere at våpenet mannen held på var eit luftvåpen.

– Det hadde ikkje blitt fyrt av noko skot. Mannen, som er i 30-åra, hadde vorte kasta ut av kroa. Det var han tydelegvis lite nøgd med og kom difor tilbake med det som gjestane og tilsette trudde var ei rifle, forklarar Kolltveit.

Mannen i 30-åra vart arrestert for trugslar og sett i fengsling forvaring.

Innbrot i Arna

Også i Arna måtte politiet rykka ut i natt. Ein vektar melde frå om ei knust rute hjå eit firma og melde straks frå til politiet.

Inne i bygget til firmaet fann etter kvart politiet ein mann i 30-åra som straks vart arrestert.

– Han hadde ikkje noko på seg. Men han har knust ei rute for å kome seg inn så vi tok han med, seier Kolltveit.

Mannen vart sett i fengsling forvaring.