Hopp til innhold

Ozzy kjem i staden for Black Sabbath

Black Sabbath vil opptre berre ein gong i sommar. Ozzy & Friends vil stå for dei fleste av gruppa sine planlagde konsertar.

Ozzy Osbourne på scenen i fjor, som soloartist

Ozzy Osbourne er vokalist i Black Sabbath. Saman med musikkvenner vil han stå for mange av Black Sabbath sine planlagde konsertar i sommar.

Foto: Jonathan Hayward / Ap

I januar blei det kjent at Black Sabbath-gitarist Tony Iommi har fått diagnosen lymfekreft . Sjukdommen skal ha blitt oppdaga på eit tidleg stadium, men Iommi sin kamp mot kreften gjer at bandet no sett planar på vent. Det opplyste Black Sabbath i ei pressemelding i går kveld.

I november blei det annonsert at dei originale bandmedlemmene i år skulle spela inn ny plate og reisa på gjenforeiningsturné med besøk i både Bergen og Oslo .

Kjem berre til Download Festival

Etter at det blei kjent at Tony Iommi har fått kreft har det vore usikkert kva som ville skje med dei planlagde konsertane. Black Sabbath opplyser no at dei berre vil halda berre ein konsert i sommar og det vil bli på Download Festival i Storbritannia.

For å ikkje skuffa arrangørar og fans vil Ozzy Osbourne opptre på dei fleste av dei andre planlagde konsertdatoane.

Osbourne vil få med seg spesielle gjestar , blant anna Black Sabbath-kollega Geezer Butler og tidlegare gitarist Zakk Wyldeunder nemninga «Ozzy & Friends».

Kven Ozzy Osbourne har med seg vil variera frå konsert til konsert, men Bergen Live bekreftar no at gitaristen Slash (Guns N' Roses/Velvet Revolver) kjem til både Bergen og Oslo.

Går betre med Iommi

Black Sabbath skulle etter planen ha spelt på Koengen i Bergen 29. mai, som ein del av Bergen Calling-festivalen, og i Oslo Spektrum 31. mai. Dette er to av stadane som no vil få besøk av Ozzy & Friends.

I pressemeldinga frå Black Sabbath står det at det går betre med Tony Iommi og at han ser fram til å komma tilbake ut på vegen.

LES OGSÅ: Sykdom og bråk i Black Sabbath