I Norge er mellom 15 og 20 prosent av barn i 8–12-års-alderen plaga med overvekt eller fedme, ifølge tal frå Folkehelseinstituttet.
I ein amerikansk undersøking kor meir enn hundre ungar lidde av fedme, var meir enn halvparten av desse overvektige då dei kun var to år gamle, medan ni av ti var overvektige då dei var fem år gamle. Det skriv nettstaden forskning.no.
Sunn livsstil frå starten
-Funnet viser kor viktig det er å få på plass ein god livsstil og gode matvaner tidleg i livet, seier John Harrington- ein av forskarane som står bak undersøkinga. Han seier til BBC at spesielt legar bør halde auga opne.
– Å få foreldre og barn til å forandre dårlege vanar, kan vere ei stor utfordring, advarar han.