Hopp til innhold

– Overraskande, men bra at Warloe kan få ein ny sjanse

NRK sin politiske kommentator er overraska over Warloe sitt comeback, men synest det er positivt at ein kan bli tilgitt, også i politikken.

Henning Warloe

TILBAKE I POLITIKKEN: Warloe blei bedt om seie ifrå seg verva sine etter ein narkotikadom for to år sidan. No er han på nytt tilbake i politikken, og blir godt tatt i mot.

Foto: Hordaland Høyre / Scanpix

Magnus Takvam

POSITIV: Magnus Takvam meiner det er problematisk at Warloe gjer comeback i lokalpolitikken.

– Frå min ståstad var dette comebacket ganske overraskande, Magnus Takvam, politisk kommentator i NRK, etter at Henning Warloe i dag blei presentert som ny byråd for byutvikling i Bergen.

Våren 2012 blei Warloe dømt for oppbevaring av narkotika, etter at ein fann kokain i leilegheiten hans. På dette tidspunktet var han stortingsrepresentant, og fekk raskt beskjed frå Erna Solberg at ho ikkje ønskte at han skulle halde fram i sine verv i partiet.

Fleire i Høgre positive

– Eg følgjer ikkje bergenspolitikken så tett, men alle eg har snakka med i Høgre er glad for at Warloe kjem tilbake på denne måten, seier Takvam.

Takvam meiner det må vere lov å gjere feil, også for politikarar.

– Eg synest personleg det er positivt å få ein ny sjanse. Om Henning Warloe hadde vore til eksempel statsråd, er det tvilsamt at han kunne ha komt tilbake i den type posisjon. Men i lokalpolitikken, som dette er snakk, er det fullstendig uproblematisk, meiner Takvam.

– Kan gjere ein god jobb

Warloe var i si tid ein populær byråd i Bergen, og både privatpersonar og politiske motstandarar har ytra seg positivt om hans comeback i dag.

– Det er ingen tvil om at Warloe i Bergen var ein populær kulturbyråd, og har mogelegheit til å gjere ein god jobb i byrådet i Bergen. Det er eg heilt sikker på, seier Takvam.

Laster Twitter-innhold

Fleire i bergenspolitikken positive

Gruppeleiar i Kristleg folkeparti i Bergen, Marita Moltu, meiner som Takvam at Warloe fortener ein ny sjanse.

– Vi står for tilgjeving i KrF, og held oss på den lina. Han er ein dyktig person, og eg tenkjer at han kan gjere ein god jobb for byen, meiner Moltu, som ønskjer han lukke til i si nye rolle som byråd for byutvikling.

Gruppeleiar i Arbeiderpartiet, Harald Schjelderup ønskjer også Warloe lukke til, men presiserer også at han gler seg til å skifte han ut etter lokalvalet neste haust.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold