Oste-VM til Bergen

Første veka i november 2018 blir det verdsmeisterskap i ost i Bergen. Det vart annonsert under årets oste-VM i London fredag kveld. – Vi får sett mat- og ostenasjonen Norge på kartet, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp). Næringsbyråd Julie Andersland (V) har allereie varsla at kommunen vil støtte arrangementet med 450.000 kroner.

Jon Georg Dale og Julie Andersland
Foto: Elin Sjødin Drange / Bergen kommune