NRK Meny
Normal

Lar ordførarkandidatane ta over lokalavisa

– Eg trur det å fatta seg i kortheit blir den største utfordringa deira, seier redaktøren som let politikarane sleppa til som journalistar i avisa.

Kvinnheringen let ordførarkandidatane laga avisa som kjem ut onsdag om ei veke. I dag var første arbeidsdag.

SJÅ VIDEO: Ni ordførarkandidatar i Kvinnherad kommune møtte i dag opp til morgonmøtet hjå lokalavisa Kvinnheringen. I ei veke skal dei leika journalistar.

Vallogo

I dag møtte ni ordførarkandidatar i Kvinnherad kommune i Hordaland opp på kontoret til lokalavisa Kvinnheringen. Den neste veka skal lokalpolitikarane leike journalistar og resultatet blir til ei noko uvanleg avis.

Det er i anledning kommunevalet at redaktør Tomas Bruvik let politikarane skrive sakene. Avisa som vil få bylines med dei lokale ordførarkandidatane kjem ut onsdag i neste veke.

– Eg trur den største utfordringa for dei blir å ta bilete og fatta seg i kortheit. Eg er redd dei kjem til å skriva veldig langt.

Skriv om saker dei er engasjerte i

Politikarane vil skrive om det dei sjølve er interessert i, og nokre av sakene vil handla om utflytting, kultur, fiskerihamn og småbarnstreff.

Ei anna utfordring for politikarane blir å la seg styre av Vær Varsom-plakaten framfor partiprogrammet. Det kan fort bli freistande å drive partipropaganda.

– Det er jo freistande, men eg skal prøva å la vera, fleipar Hege Lægreid Røssland som er ordførarkandidat for SV.

Sjå korleis politikarane jobba som journalistar i videoen øvst i saka!

Lokalavis med nye idear

Kvinnheringen har tidlegare gått nye vegar når dei har laga avisene sine. I fjor haust kom det ei utgåve av med berre notisar.

Redaktør Bruvik har trua på ei fyldig avis denne gongen.

– Eg tykte det var eit bra morgonmøte, så eg trur dette blir veldig bra.

– Kvifor gjer de dette?

– Det er kjekt å gjera noko annleis. Det gir lesarane ei moglegheit til å bli kjent med ordførarkandidatane før valet, svarar Bruvik.

Han vil gi politikarane frie tøylar til å skriva sakene men ser at det også kan bli problematisk.

– Det kunne blitt det om dei no driv dette som ei rein propagandaavisa, men det ser ikkje ut til å bli noko problem. Politikarane tek dette på alvor, avsluttar Bruvik.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.