I slutten av juni blei det kjent at byrådet i Bergen ønskjer å riva Bygarasjen. På området der Bergens største parkeringsanlegg i dag står
.Olav Thon Gruppen eig Bergen Storsenter som ligg vegg i vegg med Bygarasjen.
Næringsgruppa har ikkje blitt kontakta av byrådet om rivingsplanane, og Olav Thon Gruppen reagerer kraftig på planane, skriv
– Det vil øydelegga heile næringsgrunnlaget til Bergen Storsenter. Me vil under ingen omstende seia ja til riving, seier eigedomsdirektør Tron Harald Bjerke i Olav Thon Gruppen til BA.
Viktig for kjøpesenteret sitt grunnlag
Olav Thon Gruppen meiner knutepunktet med busstasjonen og bygarasjen var ein grunnstein og føresetnad for etableringa av kjøpesenteret deira.
– Me forstår at kommunen ønskjer byutvikling i eit slikt sentralt område, men det som er spesielt her er at det er snakk om sameige mellom oss og kommunen. Dermed skal området brukast slik det er, med mindre begge partar blir einige om endring, seier Bjerke til NRK.no.
– Kan de vurdera å godta riving?
– Veldig, veldig tvilsamt. Bygarasjen er så sentral for dei 70 butikkane i senteret. Å fjerne denne vil ta grunnlaget frå heile kjøpesenteret, seier Bjerke.
Lar ikkje Olav Thon Gruppen stoppa planane
Byrådet i Bergen vil at det også i framtida skal vera moglegheit for parkering i dette området, men det skal flyttast under bakken, under Lille Lungegårdsvann. Sidan mange grunneigarar blir berørte, meiner kommunen at dei ikkje kan kontakta alle direkte.
– Me har store planar for sentrumsdelen av Bergen. Det er mange som vil bli påverka og sjølvsagt skal dei bli høyrde. Olav Thon Gruppen bør absolutt vera ein viktig del av debatten som går no, seier byråd for byutvikling, klima og miljø, Filip Rygg, til NRK.no.
Han meiner ein enkelt aktør, som for eksempel Olav Thon Gruppen, ikkje skal kunna stoppa byutvikling.
– Eit sameige står ikkje over eit reguleringsvedtak. Me må alle forholda oss til Bystyret, og det er Bystyret som avgjer reguleringsvedtak, seier Rygg.