Hopp til innhold

– Tenker fort at det handlar om feilnavigering

Det er no oppretta undersøkingssak etter grunnstøytinga ved Marsteinen i Austevoll i går kveld.

Pallas river

GRUNNSTØTTE: Lasteskipet Pallas River var på veg til Eikefet for å lasta stein då det grunnstøtte ved Austevoll.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Lasteskipet «Pallas River» gjekk på ei grunne som er godt merka, men årsaka er enno usikker, seier lensmann i Austevoll Per Nordstrand.

Lasteskipet «Pallas River» var på veg til Eikefet for å lasta stein då det grunnstøtte ved Maursteinsboen i Austevoll ved 21.30-tida torsdag kveld.

– Det er fort gjort å tenka feilnavigering, men eg har ikkje grunnlag for å seie noko om det per i dag, seier lensmannen om grunnstøytinga.

Pallas River

LIGG I BERGEN: Lasteskipet «Pallas River» er no lagt til kai i Bergen etter at skipet gjekk på ei merka grunne ved Marsteinen i går kveld.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kontrollert mannskapet

Kystvaktfartøyet har kontrollert mannskapet og skipper om bord.

– Dei har opp mot standard prosedyre ved mistanke om promille, kontrollert mannskapet og skipper om bord. Dei blåste og den var negativ, så det er ingen mistanke om påverknad.

– Kva vil dykk gjera vidare no?

– Det enno tidleg for vår del, men vi oppretter no undersøkingssak. Her prøver vi å henta inn informasjon frå dei som har hatt kontakt med skipper om bord, og det er bla Kystvaktfartøyet. Utanom det så blir det ikkje gjort mykje, seier Nordstrand.