Hopp til innhold

Opnar for å legge ned barnehage

Fjaler kommunestyre opnar for å leggje ned Guddal barnehage frå 1. august 2019, skriv Firda. Drifta vart innstilt for barnehageåret 2018/2019 på grunn av for få søkarar. Når ingen søkte plass i barnehagen for kommande barnehageår, er det difor ikkje grunnlag for vidare drift dei næraste åra, meiner rådmannen i Fjaler. No har eit samrøystes kommunestyre vedteke å sende saka ut på høyring.