Hopp til innhold

Opdal gledar seg til keeperduell

Brann-keeper Håkon Opdal er svært motivert før eliteseriekampen mot Odd Grenland og keeperrival på landslaget, Rune Jarstein.

Tysdag denne veka tok landslagssjef Åge Hareide ut troppen til EM-kvalikkampane mot Malta og Ungarn.

Der var det ingen Thomas Myhre – så no står keeeperkampen på landslaget mellom Branns Håkon Opdal og Odds Rune Jarstein.

 

Opdal og Jarstein

JARSTEIN ELLER OPDAL: Kven vel landslagssjef Åge Hareide som førstekeeper?

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Måndag møtast Odd og Brann til Tippeliga-oppgjer i Skien — den siste sjansen for begge to til å vise seg fram før landskampane.

Og Opdal frå Odda er klar.

– Eg gledar meg veldig til duellen. Eg ønskjer å spele landskampane og medverke til siger i dei, seier Opdal.

Branns sisteskanse tykkjer det er vanskeleg å vurdere seg sjølv opp mot Jarstein.

– Vi har vel begge synt oss å vere stabile allroundkeeparar.

SJÅ MEIR OM KEEPERDUELLEN HER!

 

Opdal har stort sett vore solid for Brann i år – og i 3-2-sigeren mot Sandefjord borte var han utan tvil den største årsaka til at bergensklubben kunne reise heim med tre poeng frå Vestfold.

– Det hjalp sjølvsagt på sjølvtilliten den kampen, men som keeper vil ein helst ikkje ha så mykje å gjere på. Dei beste kampane er dei vi vinn med 2-0 eller 3-0.