Hopp til innhold

Opdal ferdig som kaptein

Branntrenaren vil ha kapteinen på banen og ikkje i mål.

Håkon Opdal

Kaptein på Brann, Håkon Opdal, skal ikkje lenger vera kaptein på laget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Det skriv Bergens Tidende.

Opdal har vore kaptein i Brann dei to siste åra. No vil trenar Rune Skarsfjord han ein ny sjef på laget.

- Keeperen skal ikkje vera kaptein. Kapteinen skal ha tilgang til meg på benken og gje vidare meldingar til dei andre spelarane. Kapteinen skal også vera tilgjengeleg for dei andre spelarane undervegs i kampen. Det kan ikkje ein keeper vera på same måte som ein utespelar, seier Skarsfjord til bt.no.

Skarsfjord skal så langt ikkje ha bestemt seg for kven som blir ny kaptein.

Klokka 18 i dag spelar Brann mot Fredrikstad på La Manga stadion i Spania.

KVEN MEINER DU BØR BLI NY KAPTEIN PÅ BRANN?