Ein oktobermorgon i 1977 vert ein eldre mann funnen drepen i husværet sitt på Gyldenpris i Bergen. Den gongen var det nok framleis ein del som hugsa Odd Frantzen.
Han som nådde lenger enn nokon bergensar nokon gong har gjort i internasjonal fotball. Ein del av det legendariske bronselaget. Sommaren 2016 nøsta NRK opp i ei historie svært få kjende til:
- Nettartikkelen som vart publisert på NRK.no 13. august:
- Lengre radiodokumentarversjon sendt i EKKO på NRK P2 17. august 2016:
- TV-innslag sendt i Vestlandsrevyen på NRK1 16. august 2016:
- Bla gjennom nokre av dei viktigaste hendingane i livet til Odd Frantzen:
- Radiodokumentaren i fem delar sendt i morgonsendinga til NRK Hordaland mellom 15. til 19. august:
Episode 1: Ein ung bergensar debuterer for det norske fotballandslaget. På tribunen står Adolf Hitler. Han skal sjå sin første og siste fotballkamp:
Episode 2: På 30-talet skjer det noko merkverdig i ein av arbeidarklassestroka i Bergen. Frå nokre få gater på Nygård spelar ein gjeng tjuagutar seg inn i den norske fotballeliten. To av dei skal få vera med på den største bragda i norsk lagidrett:
Episode 3: I eit Europa i rask og urovekkjande endring skal Odd Frantzen og resten av det norske fotballandslaget måla krefter mot dei beste i verda. Kan hardyguten yppa seg mot facistgeneralar, nazihelsingar og Mussolini sitt eige fotballag?
Episode 4: Sommaren 1961 møtest Odd Frantzen og den nye kometen i bergensfotballen; Roald Kniksen Jensen. Men noko er alvorleg gale. Kva er det som har skjedd?
Episode 5: Ein 25 år gammal mann går gatelangs på Gyldenpris. På jakt etter brennevin. Jakta skal visa seg å få fatale konsekvensar.
- Nettartikkel omsett til engelsk:
- Nyheitsartiklar:
- Utvalde saker frå utanlandske medium med omtale av historia om Odd Frantzen:
- El Pais, spansk
- El Pais, portugisisk
- RT
- Argentinsk fotballblogg