Hopp til innhold

Nynorskpengar dekka kommune-sluk

Stord kommune skal ha brukt prispengar på å dekka inn underskot.

Leirvik på Stord
Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

Stord kommune har brukt prispengar på å dekka underskot.

I fjor vart Stord årets nynorskkommune og fekk 100.000 kroner i premie.

Politikarane sette mesteparten av prispengane på sparekonto i påvente av eit godt prosjekt, men i staden vart dei brukt til å dekka underskot, skriv Haugesunds Avis

– Uakseptabelt

Heilt uakseptabelt meiner Fredrik Litleskare, som er leiar av komite for næring, miljø og kultur.

Han er rasande over at midlane er brukt til drift i staden for å fremma nynorsken.

– Me har pengane

Men prispengane Stord fekk som årets nynorsk-kommune er ikkje vekke, seier ordførar Liv Kari Eskeland.

Liv Kari Eskeland (H)

Pengane er ikkje borte, lovar Stord-ordføraren.

– Me vil profilera Stord som ein nynorsk kommune, og me ønskte å tenka oss litt om når me fekk pengane, nettopp for å la prispengane visa att i lokalsamfunnet, seier Eskeland.

Ordføraren lovar no at pengane skal koma på bordet.

LES OGSÅ: Linda en nynorsk attraksjon