NYE MILLIONAR ETTER FLAUM:

Kommunalminister Jan Tore Sanner deler ut 71,6 millionar kroner til bygdene på Vestlandet som vart råka av oktoberflaumen i fjor. Dette er andre runde med utbetaling av skjønnsmidlar og denne gongen er det Odda, Aurland, Vik og Gaular som får pengar til utbetring av skader på kommunale vegar, bruer og anna infrastruktur.