Hopp til innhold

Ny brannstasjon manglar røykvarslarar og har blokkert rømmingsveg

Arbeidstilsynet er kritiske til garderobetilhøva etter storaksjon mot norske brannstasjonar. I Kvinnherad har dei også andre oppsiktsvekkande manglar. – Flaut, innrømmer brannsjefen.

Atle Josdal

VASKEMASKIN FRAMFOR RØMMINGSVEGEN: På brannstasjonen i Rosendal, som stod ferdig i 2015, står det ein vaskemaskin i rømmingsvegen i andreetasje. Stasjonen har heller ikkje røykvarslarar. Også stasjonane på Husnes og i Ølve manglar røykvarslarar og funksjonelle rømmingsvegar.

Foto: Torstein Lund Eik / Kvinnheringen

I slutten av juni hadde brannførebyggande avdeling i Kvinnherad tilsyn på dei tre største brannstasjonane i Kvinnherad. Det var aller første gong kommunen gjennomførte eit slikt tilsyn.

Det dei fann, var mildt sagt oppsiktsvekkande:

Alle dei tre stasjonane mangla røykvarslarar og funksjonelle rømmingsvegar.

Pinleg, innrømmer brannsjef Atle Josdal.

– Me har tilsyn hos andre, og bør kunna visa til at me har det ryddig hos oss sjølve. Dette sender eit dårleg signal.

– Er det litt flaut?

– Ja, absolutt, seier brannsjefen.

Vaskemaskin i rømmingsvegen

Verken DSB eller Arbeidstilsynet kjenner til at det er tilsvarande tilhøve i andre norske kommunar. Det var lokalavisa Kvinnheringen som først omtalte saka. Josdal understrekar at det ikkje er noko krav om brannvarslingsanlegg.

– Men du skaffar deg ikkje ny brannbil eller bygger opp igjen ein brannstasjon over natta, så branntryggleiken vil bli midlertidig svekka dersom det brenn i ein stasjon. Det er viktig at dei største stasjonane har brannvarslingsanlegg, slik at me til kvar ein tid kan rykka ut og hjelpa innbyggarane, seier Josdal.

Då han tok over som brannsjef i 2016, hadde Josdal mistanke om at brannsikkerheita på stasjonane i Kvinnherad ikkje var god nok.

– På den nye stasjonen i Rosendal står det ein stor vaskemaskin midt i rømmingsvegen i andreetasje. Det er jo slike ting som førebyggande avdeling i brannvesenet påpeiker når dei er på tilsyn hos andre, eksemplifiserer Josdal.

Marita Scott

DÅRLEGE GARDEROBETILHØVE: – Brannvesenet har jobba mykje med å redusere eksponering under utrykking og øvingar, men det som ofte står att, er gode garderobetilhøve, seier Marita Scott, tilsynsleiar og fungerande leiar i Arbeidstilsynet Vestlandet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Brannfolk spesielt utsette

Dette blei også kritisert av Arbeidstilsynet under eit tilsyn i desember 2016: «Vaskemaskin stod i trappeoppgang til personal/møterom», heiter det i rapporten.

Arbeidstilsynet driv for tida tilsyn med brannvesenet i heile Noreg. Hovudmålet er å kartleggja om kommunane gjer nok for å beskytta tilsette mot eksponering for støv, gass og røyk.

– Brannmenn og -kvinner er spesielt utsette for kreft og luftvegssjukdommar, forklarar Marita Scott, tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Vestlandet.

Arbeidstilsynet undersøker også bygningane.

Ingen av brannstasjonane i Kvinnherad oppfyller krava, synte rapportane etter tilsynet i desember i fjor.

Scott påpeiker at det er kommunane sitt ansvar å ha forskriftsmessige rømmingsvegar i brannstasjonane. Brannsjef Josdal seier dialogen med kommunen er god, og reknar med at røykvarslarar og funksjonelle rømmingsvegar vil vera på plass innan kort tid.

Har gjennomført 258 tilsyn

Mellom dei bygningsmessige avvika Arbeidstilsynet så langt har avdekt på landets brannstasjonar, stikk særleg garderobane seg ut.

– Brannvesenet har jobba mykje med å redusere eksponering under utrykking og øvingar, men det som ofte står att, er gode garderobetilhøve som skil mellom rein og skitten sone, med tilgang til dusj for raskt å få av røyk og kjemikaliar som er nær huda, seier Scott.

Seniorrågjevar Inger Petrea Mowinckel har ansvaret for Arbeidstilsynet sin nasjonale innsats mot brannvesenet. Ho opplyser at dei per i dag har gjennomført 258 tilsyn.

– I Midt-Norge er det gjennomført 33 tilsyn. For dei andre fylka er det gjennomført tilsyn med alle kommunar, seier Mowinckel.