Hopp til innhold

Norsk student alvorleg skadd i Israel – medelevar blei vitne til ulukka

Fleire bibelskuleelevar blei vitne til at ein medelev blei alvorleg skadd i ei badeulukke i Israel. Tilstanden er framleis uavklara, opplyser skulen.

Bildøy bibelskole

BIBELSKOLE: Badeulukka i Israel påverkar skulekvardagen på Bildøy bibelskule på Sotra utanfor Bergen. Eleven ligg framleis alvorleg skadd på sjukehus i Israel.

Foto: Petter Olden

Ein student frå Bildøy bibelskole i Hordaland blei tysdag alvorleg skadd i ei badeulukke på ein skuletur i Israel.

Dei fleste studentane ved skulen, i tillegg til fire lærarar og rektor, deltok på turen.

Medelevar blei vitne til ulukka

Skulen har ikkje ønskt å gå i detalj på kva som skjedde, men har uttalt at ingen andre var involvert i hendinga.

Skulen seier til NRK at fleire medelevar blei vitne til badeulukka, som skjedde i Gan Haslosha nasjonalpark i den sørlege delen av Galilea.

Skulen skreiv i ei pressemelding onsdag at studenten er alvorleg skadd. Måndag opplyser Bildøy bibelskole at tilstanden til eleven er uavklara. Den norske ambassaden er orientert om situasjonen.

– Eleven er framleis innlagd på sjukehus og situasjonen er uavklara. Dei pårørande er i Israel, seier Anne Nyvoll Furnes ved leiarlinja på Bildøy bibelskole.

Ho ønskjer av omsyn til dei pårørande ikkje å seia noko om kjønn eller alder på eleven.

Seniorrådgjevar Per Bardalen Wiggen i Utanriksdepartementet seier til NRK at UD er gjort kjent med ulukka, og at dei gjev bistand til familien i samsvar med fast praksis.

POPULÆRT: Det er fleire populære badeattraksjonar i nasjonalparken der ulukka skjedde. Nasjonalparken er også kjent med det arabiske namnet Sakhne.

Skjermar elevane

Reisefølget kom heim med fly frå Tel Aviv natt til onsdag førre veke. Rektor Gunnar Ferstad blei verande igjen i Israel, men er no tilbake i Noreg.

Onsdag arrangerte skulen ei samling der både kriseteam frå kommunen og bedriftshelsetenesta var på plass.

– Eg vil gjerne få uttrykka mi djupaste medkjensle med familien som står tettast på dette, skreiv rektor i pressemeldinga.

Ifølge avisa Norge IDAG var det 94 elevar ved Bildøy bibelskule i haust.

NRK har vore i kontakt med elevar. Dei ønskjer ikkje å uttala seg, men viser til pressemeldinga.

Furnes opplyser at skulen har bede elevane om ikkje å uttala seg til media.

– Me har bede dei om å visa til skuleleiinga. Elevane er dei sårbare i denne situasjonen.

Får konsekvensar

Ulukka påverkar elevane og skuleavviklinga ved bibelskulen på Sotra.

– Det er klart. Me må tenka litt alternativt i ein sånn situasjon. Me vurderer no korleis me skal planlegga skuledagen framover, seier Furnes.

Ho seier det er for tidleg å slå fast kva konsekvensar ulukka får for skuleløpet.

– Det vil nok vera krevjande for fleire av elevane å konsentrera seg når ein har ein slik uavklara situasjon, seier Furnes til NRK.