Normal drift på Flesland

Bergen lufthavn Flesland skal vere i normal drift att etter at om lag 500 passasjerar måtte gjennom sikkerheitskontrollen på nytt. Årsaka var at ein mann hadde utløyst alarmen ved å gå feil veg gjennom ei einvegssluse. – Det vart forseinkingar på fem avgangar, men no er det ingen kø, og flytrafikken vil gå som normalt resten av dagen, opplyser Lasse Vangstein i Avinor.