Hopp til innhold

No har gigantbussen kome til i Bergen

Den er raud og litt kvit, og 24 meter lang. Frå november skal to hybride gassbussar køyre på vegane i Bergen, og no har den første av dei to kome til byen.

Gigantbussen ankommer Bergen

LENGST I NOREG: Gigantbussane som skal gå i Bergen er 24 meter lange, og dei er i gang for fullt frå november.

Oddmund Sylta

MILJØVENLEG: Den 24 meter lange bussen er miljøvenleg, seier Oddmund Sylta, direktør i Skyss.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Det var mange som snudde seg etter då den køyrde på vegane i Bergen fredag. Bussen er nemleg den lengste i Noreg.

– Bussen er 24 meter lang og har ein praktisk kapasitet på 105 passasjerar, og ein teoretisk kapasitet på 150, seier Oddmund Sylta som er direktør i Skyss.

– Og så har den ein hybrid biogass-løysing, så den er miljøvenleg også, seier han.

Det finst berre 17 hybride biogassbussar i verda, og 15 av desse kom til Malmö i mai i år.

Miljøvenleg drift

Mona Hellesnes

LØYSINGAR: Den miljøvenlege bussen er ei løysing for framtida, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Det er ikkje berre kapasitet og lengd på dei to nye bussane som er spesiell. Bussane er nemleg såkalla hybride gassbussar. Dei blir drivne av ein elektrisk motor der straumen kjem frå batteri som blir lada av ein biogassmotor, og av bremseenergi.

Det er Skyss ved Hordaland fylkeskommune som eig dei to bussane, og dei blir drivne av Tide Buss. Dei blir dermed dei første bussane Skyss faktisk eig sjølv.

– Me treng nye løysingar for framtida. Her får me eitt bidrag, og så me anledning til å teste det ut og utvikle det vidare, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.

Bussane som er delfinansiert Transnova og EU har hatt ei totalramme på 20 millionar kroner, og av denne summen bidrar fylkeskommunen med halvparten.

Spesiell dispensasjon

Grunna lengda på dei to bussane trengst det dispensasjon frå Statens vegvesen for å køyre dei i ordinær trafikk.

– Det blir spanande å operere ein så lang buss, men eg trur det skal gå veldig bra, seier Oddmund Sylta.

– Me har valt ut ei linje der bussen skal gå, og me håpar og trur at det skal gå veldig bra, seier Sylta.

Den andre av dei to bussan som skal gå i Bergen kjem til byen den 31. oktober, og bussane skal gå på linje ni og linje to, og er på vegane for fullt frå midten av november.

Hybrid biogassbuss

GOD KAPASITET: Dei nye bussane har ein praktisk kapasitet på 105 passasjerar, og ein teoretisk kapasitet på 150.

Foto: Christine Kongsvik / NRK