Hopp til innhold

Nølar med å ta i bruk digital post

Snart må du ha digital postkasse for å få brev frå kommunen din. I Bergen har berre 20 prosent prøvd seg på nyvinninga.

Postkasser og digitale postkasser (montasje)

MÅ SKIFTAST UT: Den gode gamle postkassen er på veg ut. På veg inn er ei digital utgåve som skal spare både papir og porto.

Foto: montasje av faksimiler fra Digipost/E-boks og Johannessen, Sara / SCANPIX

For å sleppa å senda papirbrev til postkassa di ute i gata satsar Bergen kommune no på ei digital løysing. Nyleg fekk alle bergensarar ei tekstmelding der dei blir bedne om å velja anten Digipost eller e-Boks som sin digitale postkasse.

Men eit fåtal har til no prøvd seg på den nye postkassa.

– Folk har et veldig tett forhold til den grøne postkassen sin. Den har alltid vore der, og no når det offentlege skal flytta dialogen over til dei digitale postkassane til innbyggarane og næringslivet veit eg at det vil ta tid, seier Kjetil Århus, IKT-direktør i Bergen kommune.

Mange tenester blir no berre digitale

Målet er at alle korrespondanse mellom offentlege etatar og privatpersonar skal vere digitale innan 2017.

LES OGSÅ: Digital post – hva er det?

– Folk må skifta den gamle postkassen ut, for det offentlege vil skifta den over til digitale kanalar. Som ein del av den reisa må også posten og det som blir sendt ut frå Bergen kommunen sendast over på digitale postkasser E-boks eller digiboks, forklarer Århus.

– Tilbakemeldingane frå folk etter me sende ut meldinga har vore udelt positive, hevdar han.

Bergen er første storby med digital post

Digipost

NESTE ÅR: – I løpet av 2016 vil mange av dei statlege tenestene gå over til digital post, forklarar IKT-direktør i Bergen kommune, Kjetil Århus.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Regjeringa har bestemt at alle statlege etatar skal sende post til innbyggjarane digitalt. Til nå har 13 statlege etatar sendt 1,3 millionar digitale brev. 230 norske kommunar har til nå tatt i bruk Svar UT-løysinga. Bergen blir no den første store kommunen som koplar seg på den statlege digitale postløysinga. Kommunen har også strategi om at den statlege fellesløysinga skal brukas av alle kommunane sine tenester.

Men trass i at berre 20 prosent av byens befolkning har tatt i bruk den nye teknologien, er ikkje IKT-direktøren uroa.

– Me tenker at dette er eit langsiktig løp. I løpet av 2016 vil mange av dei statlege tenestene gå over til digital post. Mitt inntrykk er ikkje at bergensarane er treige på å ta i bruk ny teknologi, seier han.