Hopp til innhold

– Fengsel gjer berre soningssjuke

Erling Havnå går hardt ut mot Kriminalomsorgen når han held føredrag.

Erling Havnå i Bergen

MØTTE JUS-STUDENTAR: Han fekk den nest hardaste dommen etter NOKAS-ranet i Stavanger. I går var han i Bergen for å undervise framtidas advokatar.

Foto: Nikolai Munthe-Kaas

Erling Havnå

KREV OPNARE SONING: - Vi bør ha meir open soning i Noreg, sa Erling Havnå då han held foredrag i Bergen.

Foto: Nikolai Munthe-Kaas

Måndag ettermiddag fekk jusstudentane ved Universitetet i Bergen ei førelesing om fengselssoning og kriminalomsorga frå ein som har erfaring frå innsida av fengselsmurane.

Erling Havnå har sona åtte av dei 16 åra han vart dømt til for medverking til NOKAS-ranet i Stavanger i 2004.

– Kontroversiell

– Han har til tider ganske kontroversielle meiningar om fengselsvesenet. Eg ser ein del av poenga, men er ikkje einig i alt, seier jusstudent Nikolai Munthe-Kaas.

Han fortel at om lag 300 personar var til stades på føredraget, men pressa var ikkje invitert, og Havnå gav grei beskjed om at det han fortalte studentane skulle forbli i rommet.

Men NRK fekk snakke med han etterpå. Ranet han er dømt for, er han ferdig med, men han går hardt ut mot eit fengselsvesen han meiner ikkje fungerer.

– Bør bli arbeidsleir

– Dei må slutte med all den lukka soninga, og gjere soninga meir lik ein slags arbeidsleir, meiner han.

Men sjølv trivst han med å sitje på ei varetektscelle i Kristiansand Fengsel.

– For meg er det ikkje straff. Eg går, les og går på skule eit par timar for dagen, som eit slags munkeliv.

– Blir fullstendig passiv i fengsel

Men fengselslivet har gjort noko med han.

– Eg opnar munnen, og vaktene matar meg. Etter ei stund i fengsel, gjer ein opp, men det er greitt for meg å vere fullstendig passiv, seier han.

Og det er det han ikkje ynskjer skal skje med alle som sit i fengsel. Han er sikker på at meir open soning er vegen å gå.

– Det er det ein bør tenke for å få eit betre og billigare fengselssystem. Om lag 95 prosent av dei som sit inne, har ein dom på mindre enn to år, og då burde dei hatt open soning. Dei er jo ikkje så farlege at dei må låsast vekk, seier Havnå.

Han meiner det hadde frigitt mykje ressursar.

– Dei snakkar om fleire varetektsplassar, men dei hadde det jo ikkje vore behov for om fleire sona ute, meiner han.

– Tomme ord

Men det er jo meir fokus på open soning i kriminalomsorga no?

– Jo, dei seier så, men faktum er at to tredjedelar sit i lukka soning, og mesteparten av dei har gjort småting dei kan straffast på annan måte for, meiner han.

Havnå sjølv har åtte år att av domen sin, men kan verte prøvelauslaten i 2014. Han har ingen planar for kva han då skal finne på.

– Eg veit jo ikkje når eg kjem til å komme ut. Kanskje har eg fleire år att som arbeidstakar, kanskje er eg pensjonist, seier 54-åringen.

Før NOKAS-ranet var Havnå europameister i kickboksing og tilsett i barnevernet.

– Sær gammal gubbe

Han er i Bergen over natta, og brukar kvelden på å ete pizza med dottera.

– Men eg går nok tidleg tilbake på hotellet og held meg inne resten av kvelden. Eg har blitt ein sær gammal gubbe, og vert stressa av mas og folk, seier han.

Når han har perm er det familien som gjeld, men dei to borna hans, har valt ein litt problematisk by å flytte til.

– Vil du vete noko komisk? Både sonen og dotter mi har flytta til Stavanger. Akkurat den byen eg vil verte steina i om eg reiser dit, ler han.