Hopp til innhold

Valdtektssikta artist fengsla i fire veker

BERGEN TINGRETT (NRK): Artisten i 40-åra reagerte med gråt i rettssalen då han vart fengsla, mistenkt for gruppevaldtekt. Han anka på staden.

Fredrik Verling i retten

NEKTAR: Forsvarer Fredrik Verling fortel at den sikta artisten ikkje meiner han har gjort noko straffbart.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

Fengslingsmøtet i Bergen tingrett byrja klokka 10.00. Tre personar, to kvinner og ein mann, er sikta for gruppevaldtekt av ei kvinne i 20-åra natt til søndag 6. mars.

Den påståtte valdtekta skal ha skjedd på eit nachspiel i ei leilegheit i Bergen sentrum.

Det er berre mannen, ein utanlandsk statsborgar i slutten av 40-åra, som blir framstilt for fengsling. Årsaka til det er at politiet meiner det er fare for at han kan forlata landet. Politiet vil fengsle han i fire veker.

Mannen er fengsla i fire veker, i frykt for at han skulle forlate Noreg under etterforskinga.

Han anka avgjerda på staden, og gret kraftig då den vart lest opp.

Slått ut av rusmidlar

Etter det NRK forstår skal ei av dei sikta kvinnene og den fornærma ha forklart at den fornærma blei slått ut av rusmidlar på nachspielet. Difor var ho ikkje i stand til å gi uttrykk for eiga vilje eller gjere motstand.

Den sikta artisten skal på si side meine at den fornærma heile tida var vaken og med på det som skjedde.

Ifølge siktinga frå politiet skal dei tre personane i fellesskap ha valdteke bergenskvinna med ein dildo. Dei er sikta etter straffelova paragraf 292, punkt C.

I tillegg er dei tre sikta for brot på straffelova paragraf 293, som omhandlar grov valdtekt. Dei er også sikta etter paragraf 291, punkt B, som gjeld seksuell omgang med nokon som er medvitslause eller av andre grunnar er ute av stand til å setje seg imot handlinga.

Dei ulike paragrafane har ulik strafferamme, men minstestraffa for paragraf 292 er på tre år.

Det var Bergensavisen som først omtala detaljane i siktinga.

Alle vart arrestert natt til søndag, etter at den fornærma kvinna møtte opp på valdtektsmottaket og fortalde kva ho hadde opplevd.

Leilighetsdør gruppevoldtekt

Nachspielet natt til søndag gjekk føre seg i denne leilegheita i Bergen sentrum.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Etter det NRK kjenner til, er det mannen som i dag møter i tingretten som disponerer leilegheita der overgrepet skal ha skjedd. Den utanlandske statsborgaren er ein artist som den siste tida har opphalde seg i Bergen.

Han er for tida aktuell i byen.

Nektar straffskuld

Dei to medsikta kvinnene er begge norske, og i midten av 20-åra. Dei er sett fri av politiet etter avhøyr, og vil ikkje bli framstilt for fengsling.

Den eine kvinna skal ifølge BA ha erkjent valdtekta, og følgde også den fornærma til valdtektsmottaket.

Dei to andre nektar straffskuld. Advokat Fredrik Verling forsvarar mannen som no risikerer varetektsfengsling.

– Han erkjenner ikkje straffskuld og tar siktinga svært tungt. Han er no i ein svært vanskeleg situasjon, sa Verling til NRK i går.