Arrangørane rekna med fem tusen skulebarn på opninga, men talet ser no ut til å bli kraftig redusert. Berre på Stord er det omlag to tusen elevar som truleg ikkje vil delta.
Eigentleg fridag
Ein av grunnane til at skulane takkar nei, er at 30. april i utgongspunktet er fridag for elevane. Rektor Eva Tofte ved Langeland skule på Stord stiller også spørsmålteikn ved tryggleiken under arrangementet. Ho trur ikkje seremonien ville blitt nokon god oppleving for skuleborna, og fryktar dei ville bli brukt som staffasje under opninga.
God oppleving
Dagleg leiar Øyvind Halleraker i Sunnhordland Bru- og tunnelselskap trur tvertimot det ville vere ei god oppleving for elevane å få vere med når kongen opnar sambandet. Han avviser at tryggleiken er noko problem, og har vanskar med å forstå grunngjevinga til rektoren.
Trekantsambandet i Sunnhordland