Hopp til innhold

Nei til riksveg over smelteverket

Fylkeskommunen seier nei til riksveg over smelteverkstomta i Odda.

Smelteverket i Odda.

Fylkeskommunen meiner det er umogeleg å ivareta kulturminnet sine interesser dersom ein byggjer riksveg over smelteverkstomta i Odda.

Foto: Engen, Torolf, Torolf Teigen / SCANPIX

Fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti i Hordaland fylkeskommune fortel at det viktigaste er å bevara kulturminnet.

- Ein riksveg vil danna barrierar tvers igjennom det heilskapelege kulturminnet. Dette er transportløysingar og byplanleggingsløysingar frå 80-talet som ikkje passar saman med det å ivareta kulturminnet sine interesser, seier ho.

I verneplanen opnar fylkeskultursjefen likevel for lokaltrafikk og kjøpesenter.

- Me seier nei til riksveg, men ja til veg som løyser lokale transportbehov i smelteverksområdet. Det er kulturminnet som må setja premissar for kva utvikling me kan få i området. Det vil seie at for eit kjøpesenter, så vil plassering, volum og utforming måtte ta utgangspunkt i kulturminnet si tolegrense, seier Tryti.

I 2014 vil det etter planen vera klart om smelteverkstomta i Odda kjem på verdsarvlista til UNESCO.

LES MEIR: Saman for å gje Odda verdsarvstittel